Helga fredag 30. januar til søndag 1. februar var det hackathon på Bergen offentlege bibliotek. Deltakarane såg på kva nye appar og tenester ein kunne lage ved hjelp av opne data.
Ikkje kjent med opne data? Det er data, eller informasjon om du vil, som er gratis, tilgjengeleg for alle, kan brukast fritt, i eit opent format og er maskinlesbare.
For ein kjapp introduksjon om kva det betyr, sjekk Difi sin bloggpost, «Åpne data for dummies». Vi lovar fleire bloggpostar knytt til opne data i løpet av våren!
Vi starta fredagen med inspirasjonsforedrag:
[videolink time=»2:55″] Start
[videolink time=»7:08″] Lyd blir skrudd på
[videolink time=»17:25″] Kjartan Olsen fra Bouvet
[videolink time=»25:52″] Erlend Klakegg Bergheim fra Difi om Opne data
[videolink time=»45:46″] Andreas Opdahl, professor på UIB om semantisk web
[videolink time=»1:09:55″] Yngve Ødegård, utvikler som jobber med prosjektet Bergen Musikkhistorie ved Bergen Offentlige Bibliotek som er et semantisk web-prosjekt.
[videolink time=»1:28:50″] Michael Menk fra UIB, om opne data
[videolink time=»1:44:12″] Nils Norman Haukås, uteksaminert masterstudent deler erfaringer på å være på hackathon
[videolink time=»1:53:52″] Dag Hellesund, redaktør i På Høyden, presenterer en oppgave
På søndag var det tre lag som hadde laga kvar sin webapp. Alle var svært gode idear som dei hadde sett ut i live, så det var vanskeleg å kåre ein vinnar.
Trua artar
Med denne webappen kan du velje eit fylke for så å få opp oversikt over trua plantearter som er observert i fylket.
Trykker du på ein av artane i lista til venstre så får du opp informasjon om arten frå Wikipedia, og i kartet kan du sjå kvar den har blitt observert.
Dataene er henta frå Artsdatabanken og engelsk Wikipedia.
Prøv sjølv på http://redlist.thunemedia.no/
Kjeldekoden for komponentane i appen finn du på https://github.com/team-fez
Team Fez bestod av:
- Torstein Thune
- Snorre Magnus Davøen
- Ruben Oen
- Andrea Cresta
Stortingsdata
Nysgjerrig på kva som skjer i Stortinget og korleis det fungerar? Eller journalist som vil undersøke behandlinga av ei sak?
Ved hjelp av opne data frå Stortinget kan du slå opp saker, og sjekke voteringsresultat.
Her er oversikt over nyaste behandla saker. Merk at du kan slå opp på tema, f.eks. Energi.
For kvar sak kan du sjå resultata i dei enkelte voteringsrundene, og kor stor del av salen som stemte for/mot, eller ikkje var til stade.
Kjeldekoden finn du på GitHub.
Team Ruby bestod av:
- Richard Haugen Olsen
- Sondre Langeland Hisdal
- Bjarte Johansen
og til slutt, vinnaren av hackathonet:
Konkursvarsleren
Når du loggar inn så kan du legge til organisasjonar frå Enhetsregisteret.
Dersom nokon av bedriftene på lista di går konkurs, så får du varsel på e-post og kan melde di interesser til konkursboet, t.d. om du har uteståande hos selskapet.
Med organisasjonane i dømet over reknar eg ikkje med å få så mange e-postar.
Du kan prøve tenesta på http://konkursvarsleren.no/
Der finn du lenker til kjeldekode og kva datasett som er brukt.
Ein loggar seg inn ved hjelp av brukarkontoen ein har på GitHub.
- John Fredrik Asphaug
- Torstein Saltvedt
- Morten Linderud
- Erlend Klakegg Bergheim
Vegen vidare, nytt hackathon
Ingen av dei tre laga nytta opne data frå UiB i sine løysingar. Lista over trua artar kan likevel vere nyttig i undervisning. Ved institutt for biologi har dei eit senter for framragande utdanning (SFU), bioCEED. Kanskje dette er interessant for dei å sjå på?
Siste veka i mai vert det kanskje eit nytt hackathon. Har du lyst til å delta?
Bli med i Facebook-gruppa Open Data Bergen for å få med deg kva som skjer.
På Høyden-prosjekt
På Høyden presenterte ei mogeleg oppgåve (sjå video frå fredagen), og det er eit prosjekt dei jobbar med å få realisert. Interessert i å vere med å utvikle det? Ta kontakt med dag@pahoyden.no!
Om hackathonet
Hackathonet vart arrangert av Anette Bergo (Bouvet), Livar Bergheim (UiB/ITA) og Gaute Gjerløw Remen (UiB) i Open Data Bergen i samarbeid med Herdis Moldøen frå Bergen Offentlige Bibliotek.
Vi takkar alle deltakarar, inspirasjonsforedragshaldarar og frammøtte til dei opne arrangementa for at vi fekk til ei spennande helg. Vi takkar også sponsorane Bouvet Bergen for mat og premie, Red Bull for drikke og A7 print for banner.
Redigert: la til bilete av vinnarlaget og tekst om hackathonet, arrangørar og sponsorar.
Tusen takk for samarbeidet – og for at de oppsummerer så fint. Har også oppsummert (med delvis samme innhald på biblioteket sine nettsider: http://bergenbibliotek.no/blogg/kva-kan-ein-lage-med-opne-data-paa-ei-helg/. Får håpe vi får til nytt samarbeid, om det kanskje blir eit nytt hackathon i mai 🙂
Spennende prosjekt! Og appen med trua arter er absolutt interessant for noe vi holder på med på bioCEED. Vi har laget en app for identifisering av arter (ArtsApp: https://scholar.uib.no/bioceed/artsapp) hvor vi også tar sikte på å bruke dataene fra Artsdatabanken til å fortelle oss hvor sannsynlig det er å observere en art i det området vi befinner oss. Her er det sikkert mulig å lære noe fra den løsningen Team Fez har brukt:)
Hilsen John-Arvid