10 IT-tips du kanskje ikkje visste om

2014-09-05_IT-tips ved UiB

Ny student i haust, eller har du studert ved UiB nokre år allereie?
IT-ferdighetar er noko du har god bruk for både i studiane og etterpå. Forutsetninga er å vete om tenestene og verktøya som finnast.
Her er nokre IT-tips du kanskje ikkje visste om frå før av.

1. Koble laptop, nettbrett og mobil på Eduroam
På eduroam-nettverket slepp du å skrive inn brukarnamn og passord kvar gong, og du får nettilgong både ved andre lærestadar i inn- og utland, samt på norske flyplassar.

2. Melde inn problem til IT-avdelinga
Når du ikkje får til å koble til eduroam, så kan du legge inn ei sak på bs.uib.no
Dette er IT-avdelinga sitt saksbehandlingssystem. Det ser kanskje litt gamaldags ut, men det fungerar!
I desse tider er ein i ferd med å runde 300 000 saker i systemet.
Har du forslag til forbetringar på IT-tenestene ved UiB så kan du legge dei inn der óg.

3. Ta kontakt med IT-assistentane
Dei kan hjelpe deg med å koble til trådlaust nett, printer og andre tenester frå UiB.

4. Vidaresend student-e-posten din
Både UiB og studentorganisasjonar sender viktig informasjon via student-e-posten.
Du kan enten bruke Webmail, eller få e-posten vidaresendt til di noverande adresse.

5. Skru på varsling om nye meldingar i MiSide
Trykk deg inn på ei gruppe i MiSide. I boksen «Meldinger» kan du skru på å få e-postvarsel.
Så får du varsel kvar gong det kjem nye meldingar, t.d. om forelesar legg ut melding om innleveringsfrist o.l.

6. Koble eigen PC til PullPrint

7. Koble deg til UiB-nettverket heimanifrå og få adgong til tenester
Dersom du koblar deg opp med VPN frå datamaskina heime, så får du adgong til mange tenester som kun er tilgjengelege frå UiB sitt nettverk.

Nokre av tenestene er lista opp på Universitetsbiblioteket sine nettsider. Du kan også spørre UB om hjelp via chatten på nettsida deira.

Eit døme er retriever.no der ein kan søke i artiklar i norske aviser. Når du er på UiB-nettet trykker du berre på «Logg inn» utan å fylle inn brukarnamn og passord.

8. Hent ut dine filer frå eigen PC
Om du lagrar dokument og filer på UiB sine PC-ar, så er det mogeleg å hente det ut frå din eigen PC heime.

9. Få deg eigen blogg
Du kan opprette ein gratis WordPress-blogg med adressa dittbloggnamn.b.uib.no
Eit døme på korleis ein blogg ser ut er for emnet «Sosial nettverksteori».

10. Bruk vedlegg.uib.no til å sende store filer
Du lastar opp ei fil, og får så ei lenke til fila som du kan legge inn i e-post, dele i sosiale medier osv.
Du kan også sjå kor mange som har klikka på lenka.

Generelt så finn du mykje hjelp på IT-avdelinga si Wiki-side, it.uib.no. På Facebook-sida kjem det nokre tips i ny og ne, samt meldingar dersom det er vedlikehald eller feil.

Har du fleire IT-tips? Skriv dei gjerne i kommentarfeltet!

Én kommentar til “10 IT-tips du kanskje ikkje visste om”

  1. Anbefaler også å besøke – og bokmerke uib.no/ub for å få oversikt og tilgang til Universitetsbibliotekets utallige ressurser og tjenester. Her kan du og chatte direkte med biblioteket.

Det er stengt for kommentarer.