UiB sine strømmetenester

Livar frå UiBeta hjalp til med det tekniske på eit seminar om student-fråfall, og fekk sjå nærare på ordninga UiB har for å strømme hendingar.

Blant tiltaka i digitalisering ved UiB er meir videoopptak av hendingar.
UiB har montert opptaksutstyr i ei rekke undervisnignsrom for å ta opp forelesingar så dei er mogelege å repetere i etterkant («videonotat»).
For arrangement der ein ikkje har utstyr for opptak i rommet eller vil strømme video direkte under arrangementet så har UiB også ei mobil løysing. Det er framleis i oppstartsfasen, og har begrensa kapasitet.

For øyeblikket har dei to MediaSite-einingar som kan brukast. Desse kan kombinerast med ulike kamera og ulike mikrofon-løysingar.

Her er riggen med utstyr, i eit seminarrom på Vilvite:

IMG_1187

På toppen er boksen som tar imot bilde- og lydsignal og sender dei ut på internettet. Den er ein Mediasite 810.
Den kan handtere fleire kamera samtidig, i tillegg til bilde frå PC – t.d. presentasjonslysbilete.

Den store «kofferten» med utstyr på bordet inneheld radiomottakarane for opptil fire mikrofonar samtidig. Vi hadde to «mygg»-mikrofonar. Den eine satt fast på konferansier og den andre var sett på den som til ei kvar tid heldt presentasjon.
I tillegg hadde vi to vanlege mikrofonar som den som ligg på bordet i bildet. Desse vart sendt rundt i rommet ved spørsmål og under diskusjonsdelane av programmet.
Undervegs styrer ein volumet på kvar enkelt mikrofon. Til dømes skrur ein ned volumet på konferansier sin mikrofon når det er nokon andre som presenterar. Dersom ein gløymer det så får ein fort med konferansier si humring under foredraget.

Lyd er viktigare enn kvaliteten på video når ein strømmer. Difor blir det lagt vekt på å ha gode mikrofonar. Å kun bruke mikrofon som er innebygd i videokamera gir sjeldan godt nok resultat.

IMG_1189Det svarte kontrollpanelet nederst var ein favoritt. Dette er ein fjernkontroll for videokameraet.
Med ein styrepinne kan ein styre retninga på kameraet, og med ein annan tast styrer ein zoom.

Vi sette kameraet heilt bakerst i rommet. Med kraftig zoom på kameraet kunne vi lett zoome inn på foredragshaldar, og samtidig lett peike kameraet på deltakarane i rommet når dei stilte spørsmål.

IMG_1194

 

mediasite_1

Ovanfor ser du ein standard avspelar i nettlesarvindauget. Lysbileta vert vist til venstre, mens ein ser video av foredragshaldar(ar) til høgre. Ein kan velje å køyre kun lysbilete eller kun lysbilete i fullskjerm.

mediasite_2

I bildet ovanfor er video i det store vindauget, medan lysbileta er i det vesle vindauget. Her er kameraet zooma ut så ein kan sjå heile rommet. Begge skjermbileta er henta frå seminaret «Å legge til rette for at studentene skal lykkes», 9. januar.

Opptaka er lagra på ein webtenar hos Uninett – det statlege selskapet som leverer datanettverk og nettverkstenester til Universitets- og Høgskulesektoren i Norge.

Tilgang til videoane kan begrensast ved FEIDE-pålogging slik at ein må logge på med UiB-brukarkonto for å sjå videoen.

Nokre arrangement framover som vert strømma
– 19.-20. mai – NOKUT-konferansen som kvalitet i høgre utdanning [konferanse-nettside]
– 22. mai – Beccle-seminaret
– 9. juni – Holbergpris-symposiet
Bergen summer research school – planar om å strømme deler av det

Har du eit arrangement på UiB som du vil strømme?
Ta kontakt med DigUiB via skjema på deira nettside!